Refusjon av ferie og fritidstilskotet 2018

Rundt 20. februar vart det utbetalt refusjon til dei som har søkt om å få refundert det dei brukte på ferie og fritidsavløysing i 2018.

Vest Landbrukstenester oppfordrar dei medlemane som brukar oss til å overføre dette beløpet til oss. Gjer du det, er du med på å gje oss moglegheit til å ha god likviditet og fortsetje å forskottere lønn til avløysarane. Bruk vårt kontonummer 3705 33 44705, hugs KID. Dette finn du på faktura som vi har sendt ut tidlegare i år, og er det same du alltid brukar ved innbetaling.  Har du ikkje KID-nummeret ditt, kan du ringe kontoret til Vest LT.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *