Statens tilbod – jordbruksoppgjeret 2019

Staten la i dag fram sitt tilbod til årets jordbruksoppgjer.

Tilbodet inneheld følgjande saker innan velferdsordningane;

  • Auke i satsane ved ferie og fritid på 6 %. Maksimalt tilskott er foreslått auka med 4.700 kroner til 83.500 kroner.
  • Opning for at avløysartilskott ved sjukdom kan verta gitt til bønder som tar ut foreldrepermisjon, sjølv om dei ikkje har rett til foreldrepengar eller eingongsstønad ved fødsel frå NAV.
  • Maksimal dagsats ved sjukdom er foreslege uendra.
  • Auke i tilskott per årsverk landbruksvikar med 1.500 kroner. I tillegg vert etterslep frå i fjor justert slik at ramma på 240 årsverk i landbruksvikarordninga vert dekka inn, og ikkje 233 årsverk som i fjor.
  • Inga endring i tidlegpensjonsordninga for jordbrukare.

Informasjon om velferdsordningar i staten sitt tilbod finn du her.
Heile tilbodet finn du her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *