Årsrapport for 2020 frå Vest Landbrukstenester

Ved å logge deg inn i Webtemp og deretter går inn i meny, vil du finne årsrapporten m.m. sjå
under i Årsrapport frå NLT. Rapporten inneheld alle faktura frå Vest Landbrukstenester, avløysing
som er lønna via Vest LT, årskontingent, renter m.m.
– På side 1 står samandrag av brukt avløysing for kvar type avløysing.
Til venstre på ei eller fleire linjer står «Fakturert», i midt kollonna står det «kva avløysinga
er brukt til», til høgre «beløpet». Er det fleire linjer som det står ferie/fritid eventuelt
sjukdom på, legg du desse saman for å få totalt brukt til ferie/fritid, tilsvarande gjer du for
sjukdom.
– På side 2 og eventuelt på side 3: Sida er delt i to
– Under «Kontoutskrift» står inngåande saldo og utgåande saldo, samt innbetalingar du
har gjort. Alle fakturaene som du har fått i løpet av året, står med blå skrift, desse kan du
klikke inn på og då få fram den enkelte faktura med detaljer.
– Under «Renteberegning» ser du korleis rentene er rekna for den enkelte
faktura/innbetaling og sum renter (Obs! rentebeløpet som du er belasta eller fått godskrive
finn du igjen på eigen faktura).
Årsrapport frå NLT (Vest LT) vil ligge fast inne under Menyvalget i Webtemp
Logg deg inn i Webtemp, du brukar same på logging som du brukar når du godkjenner timelistene:
Under menyval «Dokumenter» finn du begge rapportvariantane, slik at du kan opne oppdatert
rapport til ei kvar tid. Har du problem med å opne link kan du gå direkte i kundeportal og opne
rapporten og dermed finne den enkelte faktura. Hugs å seie frå til meg dersom rekneskapsføraren
skal ha tilgong til dine fakturaer/årsrapport, og han/ho enno ikkje har denne tilgongen.
Rentefakturaen
Det er sendt ut rentefaktura for 2. halvår 2020 med fakturadato 31 12 2020.