Avløysartilskot

Rundt 19. februar var det utbetaling av jordbrukstilskota, inkl. tilskotet for ferie og fritid (refusjon for avløysing i 2020). Slik som tidlegare år, oppfordrar vi deg som brukar oss til utlønning om å betale vidare tilskotet for ferie og fritid til Vest Landbrukstenester:

Gjer du det, er du med på å gje oss moglegheit til å ha god likviditet og fortsetje å forskottere lønn til avløysarane. Bruk vårt kontonummer 3705 33 44705, hugs KID. Dette finn du på faktura som vi har sendt ut, og er det same du alltid brukar ved innbetaling. Har du ikkje KID-nummeret kan du ringe meg på kontoret.

 

For dei som står i skuld til laget:

Etter innføring av Webtemp og meir bruk av elektroniske overføringar av faktura, er opplegget at fakturaen skal verte betalt innan forfall. Det er likevel nokre som ikkje betalar innan forfall av ulike årsaker og for desse er det eit styrevedtak frå ein del år tilbake som seier at skulda den enkelte har som har oppstått siste året, skal betalast når tilskotet vert utbetalt og seinast ved utgangen av utbetalingsmånaden. For dei det gjeld, og som har over kr 500 i skuld, sender eg ein purrefaktura.

I år vil eg meir systematisk sende ut purring på fakturaer der betalingsfristen er utgått.

 

Nytt år med søknader om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid

I 2021 vert det to søknader med telledato 1. mars og 1. oktober. Søknadsdato er 15. mars og 15. oktober. Og så kan du rette opplysningar i søknaden med frist 29. mars og 29. oktober.

Landbruksdirektoratet skriv: Du kan levere søknaden inntil 14 dager etter søknadsfristen, dvs. frem til og med 29. mars, men tilskuddsutbetalingen reduseres da med 1000 kroner for hver dag fristen er overskredet.

Eg oppfordrar alle til å levere søknaden i god tid før fristen 15. mars og 15. oktober, så vil du sleppe trekk i tilskota.

 

Landbruksvikar

Landbruksvikarane Leif Rand og Pål Ruben Seljeset Tomasgard har arbeidsområde i Indre Nordfjord – Hornindal og Stryn. I Selje dekker Hans Petter Hånes området. Har du behov for landbruksvikar/avløysar tek du kontakt.

.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.