Frist for å registrere brukte utgifter til avløysing ved ferie/fritid i 2020

Eg oppfordrar deg om å registrere dette snarast

For å søkje om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til ferie og fritidsavløysing er det søknadsfrist 15. mars og 15. oktober med telledato 1. mars og 1. oktober. Hovudutbetaling for 2020 vert ca 20. februar 2021.

Registrering av brukte lønskostnader til ferie/fritidstilskotet for 2020 i søknaden

I søknaden i oktober måtte du krysse av i rubrikken for at du «ønskjer å søkje om tilskot til avløysing ved ferie og fritid». I feltet for beløp måtte det stå eit beløp for at du seinare kan gå inn og rette beløpet. Så har du frist til 10. januar 2021 med å registrere lønsutgifter brukt til ferie/fritids-avløysing i 2020.

No er tala klare for brukt til utlønning gjennom Vest Landbrukstenester av ferie og fritidstilskotet 2020. Fakturaene for all utlønning 2020 gjennom Vest LT er no sendt til det enkelte medlem. Oppdaterte tal finn du på den siste fakturaen du har fått frå Vest LT. Du kan no gå inn i søknaden din og føre det endelege brukte beløp som du har brukt til utlønning av ferie og fritidstilskotet i 2020. Du kan bruke lenka under. Du må logge deg på med BankId, MinId eller liknande.

(Klikk på lenka under, evnt «Ctrl + klikk» for å følge kobling)

https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/produksjonstilskudd-og-avlosertilskudd-i-jordbruket/

siste fakturaen din i firkanten oppe til høgre finn du beløpet nedst under «Tilskudsramme» i parantesen «benyttet», sjå i eksempelet under:

Utstedt av                                Vest Landbrukstenester

Foretaksregisteret                 NO871366802MVA

Fakturanr.                              206003638

Kundenr.                                20 610 xxx

Fakturadato                            12.12.20

Forfallsdato                            23.12.20

Vår kontakt                             Knut Sigurd Gald

Deres kontakt                         xxxxx xxxxxx

Deres ref.

Tilskuddsramme                     Kr 83 400,- (benyttet 86 360,93 / rest – 2 960,93)

 

Beløpet finn du også ved å logge deg inn i Webtemp. Så finn du menyen og trykker på «tilskudds-oversikt», velg rett årstal «2020» og trykk på «benyttet» der finn du brukt beløp for ferie og fritids avløysing.

 

For å finne tidlegare utsende fakturaer frå Vest Landbrukstenester

Desse finn du også under meny. Vel faktura event. postkassa der du finn e-postane med fakturaer.

Eg tek juleferie frå 16. desember og er tilbake 4. nyttårsdag. Ei riktig God Jul til alle!

 

Beste helsing

Knut Sigurd Gald

Dagleg leiar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.