Vest Landbrukstenester

Jordbruksforhandlingar – Staten sitt tilbod velferdsordningar

Staten har i dag presentert sitt tilbod i forbindelse med årets jordbruksforhandlingar. Tilbodet har ei ramme på 10,15 milliarder.

Innan velferdsordningane er det i tilbodet gjort grep for å heva tilskottssatsar. Det vert samtidig signalisert at dette er ein start på regjeringa sitt arbeid med å gjera velferdsordningane betre. Enkelte endringar i tilskottsordninga ved sjukdom vil ein kunne kome tilbake til i forhandlingane no i år.

Vi ser dette som positive signal i forhold til å få på plass gode og tenlige velferdsordningar for den norske bonden. Dette vil kreve endringar i forskrift og ei fortsatt auke i tilskotta, noko regjeringa signaliserer vilje til.

Konkrete punkt i staten sitt tilbod innan velferdsordningane;

  • Auke i tilskott ferie/fritid på over 10 %. Maks sats vert auka med kr. 9 000,- til 96 800,-
  • Auke i dagsats ved tilskott sjukdom med kr. 430,- til ein maks dagsats på kr. 2 100,-
  • Auke i tilskott per årsverk landbruksvikar med kr. 10 500 til kr. 294 400,-

Den delen av tilbodet som gjeld velferdsordningar finn du her.
Heile tilbodet finn du her.