Ledig administrativ stilling 50% i Vest Landbrukstenester

Vest Landbrukstenester (VLT) er eigd av bønder i Hornindal (i Volda kommune), Selje (i Stad kommune og Stryn kommune. Vi arbeider for å hjelpe bøndene med avløysing og utlønning når bonden skal ha ferie/fritid eller vert sjuk. VLT administrerer landbruksvikarane. Vi tilbyr også små bedrifter hjelp til utlønning av tilsette. Vi hjelper medlemane med søknaden om refusjon av avløysarutgifter når medlemen er sjukmeldt. Kontoret held til i Panoramavegen 922 (Ulvedal), 6795 Blaksæter.

 

Ledig administrativ stilling 50% i Vest Landbrukstenester

Den som søkjer bør ha kjennskap til løn og rekneskapsarbeid, og ha generell IT-kompetanse. Vedkommande må ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere utadvent og ha lett for å komme i kontakt med folk. Den som vert tilsett må være klar for å tiltre i dagleg leiar si stilling ved sjukdom og ferie. Styret vil ved tilsettinga legge vekt på gode personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner. Jobben er variert og fleksibel. Snarleg tiltreding med løn etter avtale.

 

Arbeidsoppgåver

  • Løn og rekneskapsarbeid
  • Hjelpe medlemane i VLT med ulike skjema og søknader, samt dokumentasjon
  • Anna relevant kontorarbeid

 

Nærmare opplysningar om stillinga rettast til Dagleg leiar Knut Sigurd Gald tlf 488 94 245 eller Styreleiar Norunn Britt R. Seljeset tlf 908 48 024.

 

Skriftleg søknad vedlagt CV og attestar/vitnemål sendast Vest Landbrukstenester SA, Panoramavegen 922, 6795 Blaksæter eller til e-post: vlt@n-lt.no

 

Søknadsfrist: 27. mai 2021