Vest Landbrukstenester støttar bondeopprøret

Styret og administrasjonen i Vest Landbrukstenester støttar bondeopprøret som no er i gang.

Vi må gje bonden gode levevilkår slik at vi opprettheld norsk landbruk. Det norske landbruket leverer den reinaste maten i verda. Det vert ikkje brukt antibiotika i matproduksjonen for å «førebygge», berre for å lege sjuke husdyr. Derfor oppstår det ikkje resistente bakteriar på same måten som vi opplever nedover i Europa og i andre deler av verden, og som tek livet av svært mange menneske.

Bøndene er avhengig av eit tilfredsstillande økonomisk jordbruksoppgjer. Dei som kjenner kvar «skoen trykker» har sett fram krav om 2,1 milliardar kroner, Staten kjem med skarve 962 millionar som ikkje styrkar jordbruksnæringa og som viser at politikarane på Stortinget og i regjeringa ikkje heilt forstår alvoret i landbruksnæringa sin situasjon. Same politikarar krev ombygging til lausdrift og andre tiltak innan landbruket utan å ville gje bonden noko særleg økonomisk støtte. For velferdsordningane som landbrukstenestene arbeider med er auken i tilskotsramma for ferie og fritid for bonden ein stillstand og ikkje framgang. I den andre ordninga som gjeld når bonden er sjukmeldt, er dagsatsen for andre år på rad ikkje endra, altså ein tilbakegang då lønningar og andre utgifter aukar.

Det er mange arbeidsplassar som er direkte eller indirekte avhengig av at vi opprettheld landbruket i landet og ikkje minst at nedlegginga av gardsbruk stoppar opp, samt at nye unge generasjonar ser vitsen i å drive vidare garden som generasjonane før har drive. Vi kan også ramse opp andre jobbar som er avhengig av bonden; Foredlingsbedriftene, transporten, matbutikkar, bensinstasjonar, restaurantar, snikkarar, elektrikarar, røyrleggarar og andre leverandørar til landbruket. Reiselivet er avhengig av at bonden slår bøane og held vår vakre natur open. Men også Landbrukstenestene med sine landbruksvikarar og andre avløysarar for jordbrukaren er avhengig av bonden sin eksistens.

 

Til sjuande og sist snakkar vi om vår eiga forsyningsevne og beredskap i Norge, men også kva vi som mat-etande individ puttar i munnen vår av rein mat. Ei økonomisk støtte til det norske landbruket i jordbruksforhandlingane er ei direkte støtte til oss alle som forbrukarar av mat.

 

Dagleg leiar Knut Sigurd Gald

Styreleiar Norunn Britt Rygg Seljeset

Vest Landbrukstenester

Hornindal – Selje – Stryn